Prillar-Guri på Bjørke

Meiner alvor og vil ha det kjekt

Ei avis sjekkar i arkivet

Kjelde: Dag og Tid, fredag 8.juni 2007

juni 11, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Kvalsvik friskule!

kvalsvik-01.jpg

Takk til Kvalsvik friskule for eit hyggeleg besøk! De hadde jo studert historie og visste om den rette Prillar-Guri før de tok turen frå øya der ute ved havet og hit inn i fjorden mellom fjella!

Vonar de hadde det bra her på Bjørke. Vil de skrive ei helsing, så er det berre å gå inn på «Comment» nedanfor. 

E.S. Eg fann for resten nokre fine bilde på denne lenkja: http://home.no.net/grendlag/elevane.htm D.S.

Større bilde av gjestene på: http://www.hugen.no/bjoerke/kvalsvik.htm

Helsing oss på Bjørke

juni 5, 2007 Posted by | Uncategorized | Éin kommentar

Hugsar du Postverket?

postverketmerk2.jpg

«Ja, Postverket var altså ein institusjon vi hadde ein gong, som distribuerte brev og pakkar rundt om i landet, hadde bank og giro, og som hadde mange kontor, også i dei ytste grender. Hadde du bruk for at dei tok dei vare på posten din nokre veker, gjekk det greitt, og sjølvsagt kosta det ikkje noko. Dessutan svarte dei høfleg på brev om du skreiv til dei.»

Slik innleier professor Willy Dahl eit innlegg i vekeavisa Dag og Tid. Du anar kanskje at Dahl har funne ein spesiell grunn til å skrive innlegget, no som Postverket er blitt avløyst av Posten? Ja, han etterlyser svar på brev, – brev som han skriv til Posten.

Trykk på denne lenkja og les heile innlegget: http://www.hugen.no/bjoerke/postverket.htm

mai 26, 2007 Posted by | Utdrag og utsyn | Kommenter innlegget

Bygdevandring

vandringa.jpg

Sunnmøre historielag hadde årsmøte på Bjørke, sundag 20.mai. Etterpå var det bygdevandring, og enda veret var vått og hustre, var det mange som gjekk ruta frå post til post. Lokale gaidar fortalde med engasjement og solid kunnskap, – og hovudsakleg på dialekt. Her er er ein del av følgjet kome til telefonkiosken Prillar-Guri.

Under: Sjefsgaid Torbjørn Urke rettleier om koss ein skal kome seg vidare til neste post.

torbjorn.jpg

 

 

mai 21, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Australia rundt med Ian og Sue

rainbow.jpg 

To gode Bjørke-vener, Sue og Ian Reeve, er på nytt ute og køyrer langtur i Australia med sin Peugeot, og skal så vere i ca to månader. Ikkje alltid vegar å køyre på, heller, der til lands. Dei skriv dagbok på nettet: http://www.peugeotsaroundaustralia.com/

Da vi dreiv med Bjørke bygdekontor, kom vi i kontakt med Ian, som driv med bygdeutvikling på dei kantar. Da Prillar-Guri stod fram, ordna han kontakt med eit liknande tilfelle på den australske landsbygda, og vi pratast på telefonen med den lokale aksjonsleiaren. Sidan kom dei og besøkte oss her på Bjørke, og dei gjorde også Noregs-tur nummer to, – da møttest vi til ettermiddagskaffi og sveler på Grotli.

Klikk deg inn på lenkja ovanfor og sjå kva dette går ut på, og send gjerne i veg ein mail til Sue og Ian Down Under.

Her er eit kjempekoseleg bilde av Ian og Sue: http://www.hugen.no/bjoerke/ianogsue.htm

mai 19, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Ikkje gjer vatnet skite!

artwork-b590.jpg

Like frå vener i Melbourne i Australia kjem ei helsing!

Kortet viser veg vidare til prosjektet det kjem ifrå:

http://peta-sf.freshweb.com.au/Student_Artwork/page__2187.aspx

OBS! I menyen til venstre for oppslaget med barneteikningar, finn du tekstar som er skrivne av barn.

«don’t dirty water» er her omsett til «Ikkje gjer vatnet skite». Eit alternativ kan vere «Ikkje skitn vatnet!»

Kva er beste omsetjinga? Har du ein tredje variant?

—-

Her er informasjon om ein internasjonal konferanse i oktober om elvehelse:

http://peta-sf.freshweb.com.au/2007/news/page__2196.aspx

Søk på dei norske orda «elvehelse» og «vassdragshelse» gav ikkje noko resultat.

Kvar kan vi finne norsk nytt om helsa til norske elvar og vassdrag? Finst sikkert. Nokon som veit?

 

 

mai 19, 2007 Posted by | Uncategorized | 2 kommentarar

Tvillingkusiner i Riga

riga-guri.jpg

Her ser vi tvillingkusinene til Prillar Guri, – i Riga.

Det raude skiltet fortel at kiosken har trådlaust nettverk i 100 meters radius.

Elles er det hyggeleg å få bilethelsing til PG-bloggen, både frå ikkje så langt borte frå og frå lenger borte frå!

Vi tar like godt ein gjettekonkurranse med det same: Kvar ligg Riga? – Svar på Comment nedanfor!

Og har du vore i Riga, så fortel fortel!

Og, heldt nesten på å gløyme: Takk til deg med Smørås-dialekt, som sende bildet! Du + Kamera = Sant

mai 14, 2007 Posted by | Uncategorized | 7 kommentarar

Grill for ho Prill!

t-skjortene-01.jpg

Første grillen for ho Prillar-Guri, – sundag 6.mai 2007.

t-skjortene-02.jpg

Og T-skjorta er sponsa og klar for sal!

t-skjortene-05.jpg

 

 

mai 6, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Sjøkabel Sætre – Bjørke

kabelblogg.jpg

Sjøkabel frå Vågen kraftverk på Sætre til Tussa Kraft på Bjørke, vart lagd fredag 4.mai 2007

For fleire bilde: http://www.hugen.no/bjoerke/kabel01.htm

Velkomen med kommentarar på «Comment» nednfor.

mai 5, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Steinane er på plass!

steinane-aaa.jpg

Om fredagskvelden 4.mai 2007 kom steinane på plass att ved telefonkiosken Prillar-Guri på Bjørke

*** Ein bildeserie om jobben og moroa ligg på: http://www.hugen.no/bjoerke/stein00.htm ***

+ + + + + + + +

Det blir ei markering ved kiosken sundag 6.mai frå kl.1400 og utover.

Me legg opp til ei uformell samling der me har sett fram grillar, benkar og bord.

Me oppfordrar alle om å ta med grillmat og godt humør.

Dei etterspurde Prillarguri-skjortene vert å få kjøpt!!!!

Velkomen!

Helsing Prillarguri-nemnda.

 

 

mai 4, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget