Prillar-Guri på Bjørke

Meiner alvor og vil ha det kjekt

Prillar-Guri er verna!

vernakiosk.jpg

Så har det skjedd: Prillar-Guri på Bjørke er ein av dei 100 telefonkioskane som skal vernast!

(Foto frå 1997 og kjelde: NRK, Møre og Romsdal)

Les meir her:  http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.2747739

Hurra for Telenor og Riksantikvaren! No blir det litt ekstra å feire på jonsokafta!

Sissel Rønbeck er i dag assisterande Riksantikvar, og 19.juni 2007 stod ho saman med Telenor-sjef Jon Fredrik Baksås i «urkiosken» på Festningkaia i Oslo og signerte verneavtalen for 100 raude telefonkioskar. For 10 år sidan, våren 1997 var Rønbeck (A) samferdselminister, og i ein spørjetime i Stortinget fall det til henne å gå på talarstolen og svare på eit spørmål frå Jørgen Holte (Sp, Møre og Romsdal) om kvifor Telenor hadde gitt seg til å fjerne telefonkioskar.

juni 19, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Prisvinnar for kulturlandskap

hjartdal.jpg 

Hjartdal i Telemark får den første nasjonale kulturlandskapsprisen. Kommunen har vidareutvikla kulturlandskapet i ein næringsmessig samanheng. (Nationen)

Les meir her:  Nationen/landbruk/article2830988.ece

(Turist)informasjon – Hjartdal kommune: http://www.hjartdal.kommune.no/default.asp?uid=71&CID=71

(Foto: Henrik Dalstrøm, LMD)

juni 18, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Ei avis sjekkar i arkivet

Kjelde: Dag og Tid, fredag 8.juni 2007

juni 11, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Kvalsvik friskule!

kvalsvik-01.jpg

Takk til Kvalsvik friskule for eit hyggeleg besøk! De hadde jo studert historie og visste om den rette Prillar-Guri før de tok turen frå øya der ute ved havet og hit inn i fjorden mellom fjella!

Vonar de hadde det bra her på Bjørke. Vil de skrive ei helsing, så er det berre å gå inn på «Comment» nedanfor. 

E.S. Eg fann for resten nokre fine bilde på denne lenkja: http://home.no.net/grendlag/elevane.htm D.S.

Større bilde av gjestene på: http://www.hugen.no/bjoerke/kvalsvik.htm

Helsing oss på Bjørke

juni 5, 2007 Posted by | Uncategorized | Éin kommentar