Prillar-Guri på Bjørke

Meiner alvor og vil ha det kjekt

Forglemmegei

konfirmantane.jpg

Fasteaksjonen «Forglemmegei» i Bjørke krins fekk kr 4210,- til resultat.

Takk og ære til givarar og bøsseberarar!

I år er det fem konfirmantar som hadde hovudansvaret for å gå rundt og tilby folk sjansen til å gi. Dei to jentene frå venstre: Randi Myklebust og Ina Osdal Saure. Dei tre gutane, frå venstre: Sigurd Saure Bogen, Pål Idar Saure og Arnfinn Finnes.

Advertisements

mars 30, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Tryllekunstnaren

tjeld01.jpg 

Tjelden er her!

Jubel for ein humorist og tryllekunstnar som med eitt einaste skingrande rispande skrik får heile verda til å bli blank og ny!

forglemmegei-001.jpg

Og rett som det er brummar han «Jon i Vallarenuten», som i dette tilfellet er ei skrapefonn «uti Finnesstranda» (sett gjennom kjøkenglaset).

mars 25, 2007 Posted by | Uncategorized | 2 kommentarar

Nytt frå Det indiske hav

rem-fortress-b500.jpg

Her er det berre bra. Sola steiker frå skyfri himmel, so temperaturen ligger mellom 28-32 grader. I sjøen er det 26 grader.

Legger ved eit bilde av båten, som eg tok når vi hadde MOB-båtøvelse (MOB = Mann Over Bord).

Det er snart mannskapskifte, so det er ikkje lenge til eg er heime igjen.

Mvh
Svein Inge Hjorthaug

—–

Hei Svein Inge! – Takk for hyggeleg helsing frå Rem Fortress! Her prøver snøen seg att, men både tjeld og snøklokker melder at våren er i rute. Ha god reise heim.  Vi sjåast!

 Enok

mars 19, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Den nye bygdedirektøren

skjastad-b450.jpg

– Når eg deltek på bygdedebattar kringom i landet, får eg av og til eit inntrykk av at me bur i Somalia. Bygde-Noreg vert framstilt som både svart og elendig, sjølv om me bur i det rikeste landet i verda!

Det seier Dag Jørund Lønning, påtroppande direktør for Norsk senter for bygdeforsking. Han reagerer sterkt på den pessimismen som har møtt han på mange bygdemøte kringom i landet.

– Er det ikkje mogeleg å få fart på bygdene her i landet, så er det ikkje mogeleg nokon stad. Det handlar i stor grad om haldningar, slår han fast.

I fjor haust var Lønning med i eit debattpanel på Protestfestivalen i Kristiansand.

– Der deltok eg saman med bygdevenlege stortingspolitikarar, men truleg var eg den einaste som budde på bygda. Det viste seg at politikarane tykte synd på meg. Eg hadde altfor dårlege tilbod, og vegane mine var skrale. Det høyrdest ut som om det var eit under at eg kunne bu der eg gjorde – i Kviteseid i Telemark.

– Du søkte ikkje den store medkjensla?

– Eg slo fast at eg stortrivst på bygda! I dag har folk sjansen til å velja, og me som bur på bygda, har valt å bu der.

——

Teksten ovanfor er innleiinga til eit intervju i Dag og Tid nr 11, fredag 16.mars 2007. Dag Jørund Lønning blir intervjua av Ottar Fyllingsnes.

————-

Eit intervju i avisa Sunnhordland m/bilde av Dag Jørund Lønning:

http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070316/NYHENDE/103160004/-1/forside

—————

Norsk bygdeforsking 25 år:

 http://www.nationen.no/nyheter/article2538728.ece

 

mars 18, 2007 Posted by | Utdrag og utsyn | Kommenter innlegget

Å opne og gi rom

jarnkrok-b500.jpg

Kva skal vi opne for, og kva skal vi stengje for, – i eit jubileumsår?

Opne for kvarandre, gi kvarandre rom, –  koss gjer vi det?

mars 10, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Starten har gått!

kanutte-b500.jpg

Sundag 4.mars 2007: Kanutte og Jørund og Prillar-Guri er klar for  jubileumsåret.

logo-b5002.jpg

Og her er logoen som er utforma av Marita Bett Jensen. Til opningsdagen var også dei første t-skjortene klar, med logo.

Fleire bilde frå opningsdagen på: http://www.hugen.no/bjoerke/4marsa.htm

 

mars 4, 2007 Posted by | Uncategorized | 18 kommentarar