Prillar-Guri på Bjørke

Meiner alvor og vil ha det kjekt

Litt pomp og eit drøss med planar

nemnd2402.jpg

No nærmar opninga av jubileet seg, og dagen er sundag 4.mars! Då vert det først litt pomp og seremoni ved sjølve kiosken. Deretter er det kafe Prillar-Guri på bedehuset der mimring og historier skal få veksle fritt med idear og planar, også med alvorsord innimellom.

– Vi gløymer nesten at det er ein avslappa arbeidsdrøs vi inviterer til, for det er allereie kome innspel og forslag i haug i dunge! seier gjengen som laurdag hadde møte i Gamlestova i Bakkegarden på Åkre. – Folk er så positive og hjelpsame at det er ei einaste stor oppmuntring.

Prillar-Guri nemnda arbeider etter tanken om open plan og fangar fritt med seg folk og idear på brei basis. Komitemøta kan derfor kome til å auke i deltakarar frå gong til gong.

– Men folk må ikkje vente på oss, seier dei også. – Det er fritt fram for alle til å markere jubileet med opplegg og aktivitetar. Og dette er ikkje berre for fastbuande bjørkingar. Hobby-bjørkingar, vener av Bjørke, utflytte bjørkingar, bjørkingar i Europa og Afrika og Asia, i tropene eller Ishavet, til sjøs og til lands, kvar som helst! – ta kontakt, gi dykk med! Få høyre frå dykk! Skriv kommentar i bloggen, send bilde på Internett eller med Postverket, eller kom i eigen person!

Nemnda (denne gongen) – på bildet, frå venstre: Per Arne Saure, Cecilie Rørstad, Ingvild Mork, Marita Bett Jensen og Gry Anita Skjåstad med Anna Synneva i fanget.

Advertisements

februar 24, 2007 Posted by | Uncategorized | 2 kommentarar

Langstova på Sætre

deito-b500.jpg

Ingebjørg og Einar fortel om Langstova dei held på å byggje på Sætre. Les historia og sjå bilda her:

http://www.hugen.no/bjoerke/langstova.htm

februar 21, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Der alle kjenner alle?

okt0302.jpg 

Det heiter seg gjerne at “i små bygder kjenner alle alle”. Er det slik?

Eg er innflyttar, kom til Bjørke for 32 år sidan. Her har eg vore lærar og hatt ei stor kontaktflate og har etter kvart tenkt akkurat denne tanken: Her kjenner alle alle. – Under arbeidet med Prillar-Guri året er det ein lærdom som allereie har slått tydeleg inn: Nei, ver ikkje så sikker på det.

Det viser seg nemleg at sjølv om eg har hatt sei 40-45 årgangar av ungdommane her som elevar, så er det slett ikkje sikkert at desse årgangane kjenner kvarandre.

Så, altså: Også i “små bygder” vert åra etter kvart også her i bygda til mange år, og gjer at heller ikkje her er det slik at alle kjenner alle.

 Kan det vere ei sak for ei bygdemobilisering å gjere orda “alle kjenner alle” til noko som i alle fall nesten er sant?  Eller er det naturleg og slik vi trivst best med det, at vi kjenner slett ikkje alle?

Foto: E.K.

februar 20, 2007 Posted by | Uncategorized | 2 kommentarar

Slik fekk kiosken namnet Prillar-Guri

frisch-pg-h600.jpg

Det var ein ettermiddag i mai 1997 at  steinblokkene var komne på plass. Kompressoren starta opp, hola for kjettingane vart bora og kjettingane tredde gjennom, strama til og gjorde faste i kiosken. Dugnadsgjengen kunne stige tilbake og sjå kor flott det vart blitt.  Der stod kunstverket i silhuett mot Bjørkehornet i kveldssola, – ei stridsmøy med fotside fletter.

Da vart namnet sagt: Prillar-Guri!

Den rette Prillar-Guri høyrde heime i Gudbrandsdalen og var med i «skotteslaget» ved Kringen den 26.august 1612. Ho stod vakt og var klar til å blåse i prillarhornet når augneblinken var inne for bondeheren som låg klar til å gå til åtak. Ein framand her av leigesoldatar frå Skotland kom marsjerande langs vegen sørover dalen. No skulle dei stoppast! Det var svenskekongen som hadde leigt seg våpenhjelp til krigen mot Danmark-Noreg (Kalmarkrigen). Dei hadde gått i land i Romsdalsfjorden og tenkt seg til å gå til fots gjennom Noreg for så å slutte seg til dei svenske styrkane lengst sør i landet.

Det vart ingen vakker batalje der ved Kringen. Bondeheren vann ein fullstendig og frykteleg siger. Gjennom segner og historier har namnet Prillar-Guri levd vidare og vore eit symbol på motstand og krigslist.

Bildet ovanfor er etter ei teikning av Andreas Bloch og er kopiert frå boka «Herr Sinclair dro over salten hav. Skottetoget og kampene ved Kringen 1612» av Rolf Rasch-Engh. – Libretto forlag, 1992. – Stoppar du på Sinclair Kro på Kvam, kan du inne på kroa sjå eit stort maleri som  som skildrar kampen.

februar 14, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Kva er dei ute etter, turistane?

turistar-b600.jpg

Ein av støttespelarane til Prillar-Guri på Bjørke har stukke oss i handa eit blad og peikt på noko som kan vere aktuelt å sitere. Frå ein artikkel av Erling Dokk Holm i tidsskriftet Byggekunst nr 08.2006 set vi hit eit utdrag:

 

“Faktum er: Den rene natur er ikke den varen turistene ønsker. De norske fjordene rangeres år om annet som et av de beste reisemål i verden, og det er fortjent. Dette er unike områder. Men da jeg på 1980-tallet om somrene arbeidet som guide for amerikanske turister på Vestlandet, var det det norske kulturlandskapet turistene lot seg imponere av. Det fantastiske med de norske fjordene, sa de, var at det bodde folk der, at det faktisk var mulig å leve på disse stedene. Eksempelvis er nok fjordene i British Columbia rent naturmessig mer imponerende. Når den jevne amerikanske turist får et kick av Aurlandsfjorden, så er det fordi det finnes hus og kyr, veier og fjøs i landskapet. Det er den menneskelige tilstedeværelsen som gjør at landskapet fremtrer som unikt. Det er ikke den urørte naturen, men den rørte naturen, som er det store norske “reiselivsproduktet”.

Kan det være at det er dette som motiverer en rekke av rasteplassene og utsiktspunktene i prosjektet “Nasjonale turistveger”? Er det frykten for den økonomiske konsekvensen av at kulturlandskapet er på vei til å forsvinne, som ligger bak?

For de siste 40 årene har det norske landskapet endret seg markant. Norge gror igjen. Da jeg for 20 år siden guidet turistene rundt, var innslaget av åpne landskaper fulle av geit, sau og kuer markant annerledes enn i dag. I 1980 var det 120 000 gårdsbruk i drift i Norge, mens det i dag er rundt 50 000. Om det er 30 000 gårdsbruk igjen i 2015, når tiltaket “Nasjonale turistveger” skal være ferdig, så er det et optimistisk anslag. Dessuten endrer klimaet seg, vekstsesongen øker. Det betyr bare en ting: at utsikt fra veien nå blir en luksusartikkel som bare vil være tilgjengelig der noen har lagt ned et arbeid for å skape den.

Med andre ord blir kompensasjon en grunnleggende strategi i fremtidens turistindustri. Utsiktspunktene blir skapt for å gi en utsikt som grunnleggende sett har gått tapt. Derfor kan det være betimelig å spørre om ikke Statens vegvesen burde påta seg enda større oppgaver og gå løs på selve landskapet? De burde lage et prosjekt som heter “Nasjonale kulturlandskaper”, der klassiske landskaper blir vedlikeholdt med dette ene for øyet: å være en komponent i opplevelsesøkonomien.”

 

Foto: E.K. – På toppen: Turistar på hurtigruta skal ha seg ein tur i land. – Nedst nede: I ro og fred på øvste dekk.

Om du søkjer på nettet på «Turistveger», kan du få opp mange flotte oppslag. Her er eit til å begynne med: http://www.turistveg.no/

turist-b6001.jpg

******

E.S. Kor langt kan ein gå for å skape utsiktsopplevingar? Nokon som slår denne? http://forbruker.no/reise/article1641485.ece

 

februar 12, 2007 Posted by | Utdrag og utsyn | Kommenter innlegget

Prillar-Guri slekta

slektknes-b600.jpg

Prillar-Guri har ei stor slekt. Her ser vi eit  søskenbarn på hurtigrutekaia i Kirkenes. Ikkje halden fast med kjettingar og steinar, men på eine sida  stødd tett innåt ein budavegg, og på andre sida gir nokre pallar ei hjelpande hand. Bildet er frå sommaren 2006. Koss kan det vel arte seg her ein vinterdag? Hurtigruta er «Trollfjord» som klappa til kai denne fine  sundagsføremiddagen fullasta med turistar frå utland og innland.

 Noko av ferdafolket skulle direkte vidare til Finland og lasta seg opp i bussen nedanfor.

 slektknes1-b600.jpg

(Foto: E.K.)

 

 

februar 10, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Bjørke idrettslag

bilarsm-b600.jpg

 Bjørke idrettslag hadde årsmøte 4.februar 2007 på Haukly.

Frå årsmeldinga: Året 2006 var eit år med bra aktivitet. Det er ski og fotball som dei fleste medlemmane er med på. BIL har dette året hatt 7 langrennsutøvarar i alderen 13-23 år. Laget er med i treningssamarbeidet Søre Sunnmøre Langrenn. Der har det vore 3 faste treningar i veka om hausten og 2 treningar i vinterhalvåret.

Nokre av utøvarane har også vore med på treningssamlingar både på snø og på barmark. Det var lokal samling i Hovdebygda tidleg i haust, og i november var det snøsamling på Dombås. Laget har også arrangert eit sonerenn i Grøndalen. Saman med Hovdebygda IL arrangerte laget avslutningsrenn i Sparebanken Møre Cup på Bondalseidet.

Nokre familiar har vore med på lengre turrenn enten i trimklassa eller i konkurranseklassa.

Fire medlemmer har vore med på Birkebeinarrennet.

To medlemmer har også sykla Birkebeinarrittet, og ein medlem sprang også Birkebeinarløpet. Denne medlemmen var dermed med i Birkebeinartrippelen, som vil seie at han var med i alle tre birkebeinar-konkurransane.

Medlemmer frå laget har vore med i Jonsokmila, enten i trimklassa eller i konkurranseklassa. Der hadde laget ein klassevinnar. – Mange var også med i «Saudehornet rett opp».

Fleire av medlemmene har vore med i fotball i Austefjorden, både i aldersbestemt og på A-laget. Austefjord greidde å stille A-lag etter nokre år utan, mykje takka vere at nesten halvparten av spelarane var frå Bjørke.

Andre aktivitetar som idrettslaget har vore med på å arrangere, er kyrkjetrim, fjellturar og rydding av Tysseråsa.

bilstyre-b465.jpg

Styret i Bjørke IL, frå venstre: Cecilie Rørstad, Dan Børge Saure, Henning Ove Saure (leiar), Stian Nikkinen Rørstad og Solrun Osdal Saure.

 

 

februar 5, 2007 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Med Prillar-Guri for aktivt lokalmiljø

pgtrio-b465.jpg

– Bli med å feire Prillar-Guri-året! seier Marita Bett Jensen, Gry Anita Skjåstad og Cecilie Rørstad. Dei er Prillar-Guri-nemnda på Bjørke. Dei vil jobbe som ei oppvarmingsgruppe og få fleire med.

– Dette er kjekt og spennende, bli med du også! Tanken er at året skal vere ein open dugnad med fritt fram for å hengje seg på med opplegg og arrangement. Det er allereie mange som står klar med idear til 10-års jubileet.

– No gjeld det å finne ein sundag som ikke er oppteken av andre arrangement i bygda. Då skal vi ha opningsseremoni ved sjølve Prillar-Guri-kiosken, og deretter blir det Kafe Prillar-Guri på bedehuset. Da skal vi nok mimre litt, men det viktigste blir å setje i gang med ide-myldringa for alvor og organisere oss på ein avslappa måte. Det blir ein hyggelig ettermiddag! Vi skal gjere datoen kjend, når vi har dagen klar.

Eit motto for alle

Dette året inviterer vi alle laga i bygda til å gjere seg bruk av mottoet “Vi meiner alvor og vil ha det kjekt”. Mottoet skulle passe for nær sagt alle arrangement, – eit rebusløp, ein basar, ei utstilling, eit føremiddagstreff, eit medlemsmøte, ein søndagskafe, ein fjelltur, ein fiskekonkurranse o.s.v.

– Så alt skal berre gå som vanleg?

– På ein måte, kan du seie, for lagsarbeidet er jo sjølve det sosiale grunnfjellet i bygda. Alle laga i bygda arbeider for eit triveleg lokalmiljø, og dette er den raude tråden i jubileumsopplegget.

– Blir det ingen spesielle arrangement?

– Det blir det heilt sikkert! Det er under oppsigling ein konsert med lokale musikalske talent som debuterte på scenen i aksjonstida. No er dei komne langt med musikken sin.

Vi ser det som ei spesiell utfordring å setje litt Prillar-Guri-farge på 17.maifeiringa. Den gongen i 1997 pynta vi kiosken til dagen, og folketoget la ruta forbi så vi fekk rope hurra for Prillar-Guri. Og om kvelden var det fest med både alvor og ablegøyer.

Å halde oppe debatten om turisme er høgst aktuelt. Kven skal styre og eige den lokale turismen? Utanbygds aktører og framande pengefolk, eller lokale tiltak? Kva verdier skal turismen formidle?

Vi har framme tanken om eit seminar om sjølvrespekt og lokal eigenstyrke.

Men altså, livet skal stort sett gå som vanleg i bygda. Vi skal ikke sprengje oss på opplegget. Det blir heilt sikkert mange som får lyst til å satse berre aldri så lite ekstra, og da blir det ekstra stas.

– Kva med kjettingene og steinane ved kiosken?

– Ja visst! Steinane ligg der, og ein rekonstruksjon står høgt oppe på lista. Kanskje same mannskapet som sist vil ordne med ei reprise?

Blogg på Internett

– Bjørke hadde den gongen si eiga heimeside. Vil de starte opp att?

– Ingen ukjent tanke. Denne gongen prøver vi likevel først med ein eigen blogg på internett. Der kan folk både lese og sjå bilde, og der kan ein skrive innlegg og spørsmål på direkten.

Og, ser du! Du er her og no inne på bloggen. Dermed har du sjansen til å leggje inn ei helsing eller eit spørsmål, ein kommentar eller eit innlegg. Gå til «Comment» nedanfor, trykk deg inn og skrivefeltet opnar seg.

******************»

februar 1, 2007 Posted by | Uncategorized | 2 kommentarar