Prillar-Guri på Bjørke

Meiner alvor og vil ha det kjekt

Nåla i fjordstakken – kan finnast!

Bjørke ligg inst i Hjørundfjorden på Sunnmøre og høyrer til Ørsta kommune. Sjå etter ein stor grøn B nedst på kartet, omtrent midt på!

kartba-b600.jpg

Kjelde: NAF Veibok, 1985. Utsnitt redigert av bloggred.

 

januar 31, 2007 Posted by | Opplysningar | Kommenter innlegget

På Balsam, NRK1, onsdag 31.01. – kl.1805

Sjansen er stor for at du kan høyre litt om Prillar-Guri på Balsam, i morgon onsdag.

januar 30, 2007 Posted by | Uncategorized | Éin kommentar

alvor + humor = sjølvrespekt

rasta-h400.jpg

Prillar-Guri januar 2007 

– Prillar-Guri på Bjørke skulle vere ein ypparleg talarstol for politikarar som vil presentere distriktspolitikken sin, sa dåverande Ørsta-ordfører Nils Taklo sommaren 1997.

Valkampen den gongen framfor storingsvalet den komande hausten var i full gang. Ingen politikar vart å høyre der Prillar-Guri stod, og på denne måten peikte Taklo på ALVORET i aksjonen. Telenor var ikkje lenger eit Telegrafverket som skulle skaffe telefonlinjer fram til folk og bygge samfunnet. Det moderne Telenor hadde som jobb å drive forretning og skaffe forteneste. Bygdefolket protesterte mot ein slik kalkulator-politikk. Lenkjene og steinane hadde ei klår melding: Distrikta spør etter ein politikk som ikke let profitt vere hovudsaka.

Og Nils Taklo, som sjølv er kunstmalar, sa også at Prillar-Guri var eit kunstverk. Grendalaget prøvde å få installasjonen med på Haustutstillinga, men påmeldingsdagen var forbi lenge før lenkjene hadde kome på plass.

Kunst er fantasi og leik og moro. Kunst er glede og alvor. Utfalding og trivsel.

Folk over alt i Noreg og i mange land måtte smile og fekk seg ein frigjerande latter av Prillar-Guri. HUMOR var det sterkeste verkemidlet i aksjonen, og appellerte til alle aldrar på alle språk.

Slik har det seg at vi vil feire 10-årsjubileet etter denne oppskrifta:

Vi meiner alvor og vil ha det kjekt.

Prillargurinemnda.

januar 26, 2007 Posted by | Uncategorized | 4 kommentarar

Ein maidag i 1997

prillar-guri-b400.jpg 

Ein mai-dag i 1997 skjedde det noko spesielt med telefonkiosken på Bjørke. Brått var han pynta med fotside rastafletter av jarnlenkjer festa i store tunge steinar. Der stod kiosken halden fast, og der ville folk at han skulle bli ståande. Kiosken vart oppattkalla etter Prillar-Guri frå “skotteslaget” ved Kringen i Gudbrandsdalen 12.august 1612.

Telenor ville i ei snarvende fjerne den einaste kiosken i bygda fordi han “ikkje lønte seg”. Bygdefolket prostesterte heilt spontant, gjekk mann av huse, store og små, og slo ring rundt kiosken. Alle forstod kva lenkjene og steinene var uttrykk for: Distrikta spør etter ein politikk som ikkje finreknar på ei stykkevis forretningsmessig forteneste. Politikk skal ikkje vere ein brøk-politikk, men skal setje folk og samfunn inn i ein samanheng. Eit lokalsamfunn skal som samfunnet elles sjåast som ein heilskap.

Aksjonen kom i positiv dialog med Telenor som let kiosken bli ståande “på bakgrunn av det sterke lokale engasjementet”. Lenkjene og steinene vart tekne til sides, og kiosken stod der berga og fri. Ti år etter, i 2007, står Prillar-Guri der framleis og oppfordrar deg til å setje pris på lokalmiljøet der du bur.

10-års jubileet vil bli markert gjennom heile 2007.

 

januar 26, 2007 Posted by | Uncategorized | Éin kommentar