Hugsar du Postverket?
“Ja, Postverket var altså ein institusjon vi hadde ein gong, som distribuerte brev og pakkar rundt om i landet, hadde bank og giro, og som hadde mange kontor, også i dei ytste grender. Hadde du bruk for at dei tok dei vare på posten din nokre veker, gjekk det greitt, og sjølvsagt kosta det ikkje noko. Dessutan svarte dei høfleg på brev om du skreiv til dei.”
Slik innleier professor Willy Dahl eit innlegg i vekeavisa Dag og Tid. Du anar kanskje at Dahl har funne ein spesiell grunn til å skrive innlegget, no som Postverket er blitt avløyst av Posten? Ja, han etterlyser svar på brev, – brev som han skriv til Posten.
Trykk på denne lenkja og les heile innlegget: http://www.hugen.no/bjoerke/postverket.htm
Bygdevandring
Sunnmøre historielag hadde årsmøte på Bjørke, sundag 20.mai. Etterpå var det bygdevandring, og enda veret var vått og hustre, var det mange som gjekk ruta frå post til post. Lokale gaidar fortalde med engasjement og solid kunnskap, – og hovudsakleg på dialekt. Her er er ein del av følgjet kome til telefonkiosken Prillar-Guri.
Under: Sjefsgaid Torbjørn Urke rettleier om koss ein skal kome seg vidare til neste post.
Australia rundt med Ian og Sue
To gode Bjørke-vener, Sue og Ian Reeve, er på nytt ute og køyrer langtur i Australia med sin Peugeot, og skal så vere i ca to månader. Ikkje alltid vegar å køyre på, heller, der til lands. Dei skriv dagbok på nettet: http://www.peugeotsaroundaustralia.com/
Da vi dreiv med Bjørke bygdekontor, kom vi i kontakt med Ian, som driv med bygdeutvikling på dei kantar. Da Prillar-Guri stod fram, ordna han kontakt med eit liknande tilfelle på den australske landsbygda, og vi pratast på telefonen med den lokale aksjonsleiaren. Sidan kom dei og besøkte oss her på Bjørke, og dei gjorde også Noregs-tur nummer to, – da møttest vi til ettermiddagskaffi og sveler på Grotli.
Klikk deg inn på lenkja ovanfor og sjå kva dette går ut på, og send gjerne i veg ein mail til Sue og Ian Down Under.
Her er eit kjempekoseleg bilde av Ian og Sue: http://www.hugen.no/bjoerke/ianogsue.htm
Ikkje gjer vatnet skite!
Like frå vener i Melbourne i Australia kjem ei helsing!
Kortet viser veg vidare til prosjektet det kjem ifrå:
http://peta-sf.freshweb.com.au/Student_Artwork/page__2187.aspx
OBS! I menyen til venstre for oppslaget med barneteikningar, finn du tekstar som er skrivne av barn.
“don’t dirty water” er her omsett til “Ikkje gjer vatnet skite”. Eit alternativ kan vere “Ikkje skitn vatnet!”
Kva er beste omsetjinga? Har du ein tredje variant?
—-
Her er informasjon om ein internasjonal konferanse i oktober om elvehelse:
http://peta-sf.freshweb.com.au/2007/news/page__2196.aspx
Søk på dei norske orda “elvehelse” og “vassdragshelse” gav ikkje noko resultat.
Kvar kan vi finne norsk nytt om helsa til norske elvar og vassdrag? Finst sikkert. Nokon som veit?
Tvillingkusiner i Riga
Her ser vi tvillingkusinene til Prillar Guri, – i Riga.
Det raude skiltet fortel at kiosken har trådlaust nettverk i 100 meters radius.
Elles er det hyggeleg å få bilethelsing til PG-bloggen, både frå ikkje så langt borte frå og frå lenger borte frå!
Vi tar like godt ein gjettekonkurranse med det same: Kvar ligg Riga? – Svar på Comment nedanfor!
Og har du vore i Riga, så fortel fortel!
Og, heldt nesten på å gløyme: Takk til deg med Smørås-dialekt, som sende bildet! Du + Kamera = Sant
Sjøkabel Sætre – Bjørke
Sjøkabel frå Vågen kraftverk på Sætre til Tussa Kraft på Bjørke, vart lagd fredag 4.mai 2007
For fleire bilde: http://www.hugen.no/bjoerke/kabel01.htm
Velkomen med kommentarar på “Comment” nednfor.
Steinane er på plass!
Om fredagskvelden 4.mai 2007 kom steinane på plass att ved telefonkiosken Prillar-Guri på Bjørke
*** Ein bildeserie om jobben og moroa ligg på: http://www.hugen.no/bjoerke/stein00.htm ***
+ + + + + + + +
Det blir ei markering ved kiosken sundag 6.mai frå kl.1400 og utover.
Me legg opp til ei uformell samling der me har sett fram grillar, benkar og bord.
Me oppfordrar alle om å ta med grillmat og godt humør.
Dei etterspurde Prillarguri-skjortene vert å få kjøpt!!!!
Velkomen!
Helsing Prillarguri-nemnda.
-
Siste
- Prillar-Guri i “Norsk attraksjon”
- Kvivsvegen på budsjettet
- Prillar-Guri i Norsk Attraksjon
- Stor bok om små raude kioskar
- Bjørke-dagar, 9. og 10.august 08
- Invitasjon
- Gjett kven som har 75-års jubileum!
- Bjørke Sommarfestival
- Prillar-Guri er verna!
- Prisvinnar for kulturlandskap
- Ei avis sjekkar i arkivet
- Kvalsvik friskule!
-
Lenkjer
-
Arkiv
- september 2009 (1)
- oktober 2008 (1)
- august 2008 (3)
- april 2008 (1)
- desember 2007 (1)
- juli 2007 (1)
- juni 2007 (4)
- mai 2007 (8)
- april 2007 (5)
- mars 2007 (6)
- februar 2007 (8)
- januar 2007 (4)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS















