Forglemmegei
Fasteaksjonen “Forglemmegei” i Bjørke krins fekk kr 4210,- til resultat.
Takk og ære til givarar og bøsseberarar!
I år er det fem konfirmantar som hadde hovudansvaret for å gå rundt og tilby folk sjansen til å gi. Dei to jentene frå venstre: Randi Myklebust og Ina Osdal Saure. Dei tre gutane, frå venstre: Sigurd Saure Bogen, Pål Idar Saure og Arnfinn Finnes.
Nytt frå Det indiske hav
Her er det berre bra. Sola steiker frå skyfri himmel, so temperaturen ligger mellom 28-32 grader. I sjøen er det 26 grader.
Legger ved eit bilde av båten, som eg tok når vi hadde MOB-båtøvelse (MOB = Mann Over Bord).
Det er snart mannskapskifte, so det er ikkje lenge til eg er heime igjen.
Mvh
Svein Inge Hjorthaug
—–
Hei Svein Inge! – Takk for hyggeleg helsing frå Rem Fortress! Her prøver snøen seg att, men både tjeld og snøklokker melder at våren er i rute. Ha god reise heim. Vi sjåast!
Enok
Den nye bygdedirektøren
- Når eg deltek på bygdedebattar kringom i landet, får eg av og til eit inntrykk av at me bur i Somalia. Bygde-Noreg vert framstilt som både svart og elendig, sjølv om me bur i det rikeste landet i verda!
Det seier Dag Jørund Lønning, påtroppande direktør for Norsk senter for bygdeforsking. Han reagerer sterkt på den pessimismen som har møtt han på mange bygdemøte kringom i landet.
- Er det ikkje mogeleg å få fart på bygdene her i landet, så er det ikkje mogeleg nokon stad. Det handlar i stor grad om haldningar, slår han fast.
I fjor haust var Lønning med i eit debattpanel på Protestfestivalen i Kristiansand.
- Der deltok eg saman med bygdevenlege stortingspolitikarar, men truleg var eg den einaste som budde på bygda. Det viste seg at politikarane tykte synd på meg. Eg hadde altfor dårlege tilbod, og vegane mine var skrale. Det høyrdest ut som om det var eit under at eg kunne bu der eg gjorde – i Kviteseid i Telemark.
- Du søkte ikkje den store medkjensla?
- Eg slo fast at eg stortrivst på bygda! I dag har folk sjansen til å velja, og me som bur på bygda, har valt å bu der.
——
Teksten ovanfor er innleiinga til eit intervju i Dag og Tid nr 11, fredag 16.mars 2007. Dag Jørund Lønning blir intervjua av Ottar Fyllingsnes.
————-
Eit intervju i avisa Sunnhordland m/bilde av Dag Jørund Lønning:
http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070316/NYHENDE/103160004/-1/forside
—————
Norsk bygdeforsking 25 år:
http://www.nationen.no/nyheter/article2538728.ece
Starten har gått!
Sundag 4.mars 2007: Kanutte og Jørund og Prillar-Guri er klar for jubileumsåret.
Og her er logoen som er utforma av Marita Bett Jensen. Til opningsdagen var også dei første t-skjortene klar, med logo.
Fleire bilde frå opningsdagen på: http://www.hugen.no/bjoerke/4marsa.htm
-
Siste
- Prillar-Guri i “Norsk attraksjon”
- Kvivsvegen på budsjettet
- Prillar-Guri i Norsk Attraksjon
- Stor bok om små raude kioskar
- Bjørke-dagar, 9. og 10.august 08
- Invitasjon
- Gjett kven som har 75-års jubileum!
- Bjørke Sommarfestival
- Prillar-Guri er verna!
- Prisvinnar for kulturlandskap
- Ei avis sjekkar i arkivet
- Kvalsvik friskule!
-
Lenkjer
-
Arkiv
- september 2009 (1)
- oktober 2008 (1)
- august 2008 (3)
- april 2008 (1)
- desember 2007 (1)
- juli 2007 (1)
- juni 2007 (4)
- mai 2007 (8)
- april 2007 (5)
- mars 2007 (6)
- februar 2007 (8)
- januar 2007 (4)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS












