Prillar-Guri på Bjørke

Meiner alvor og vil ha det kjekt

Ein maidag i 1997

prillar-guri-b400.jpg 

Ein mai-dag i 1997 skjedde det noko spesielt med telefonkiosken på Bjørke. Brått var han pynta med fotside rastafletter av jarnlenkjer festa i store tunge steinar. Der stod kiosken halden fast, og der ville folk at han skulle bli ståande. Kiosken vart oppattkalla etter Prillar-Guri frå “skotteslaget” ved Kringen i Gudbrandsdalen 12.august 1612.

Telenor ville i ei snarvende fjerne den einaste kiosken i bygda fordi han “ikkje lønte seg”. Bygdefolket prostesterte heilt spontant, gjekk mann av huse, store og små, og slo ring rundt kiosken. Alle forstod kva lenkjene og steinene var uttrykk for: Distrikta spør etter ein politikk som ikkje finreknar på ei stykkevis forretningsmessig forteneste. Politikk skal ikkje vere ein brøk-politikk, men skal setje folk og samfunn inn i ein samanheng. Eit lokalsamfunn skal som samfunnet elles sjåast som ein heilskap.

Aksjonen kom i positiv dialog med Telenor som let kiosken bli ståande “på bakgrunn av det sterke lokale engasjementet”. Lenkjene og steinene vart tekne til sides, og kiosken stod der berga og fri. Ti år etter, i 2007, står Prillar-Guri der framleis og oppfordrar deg til å setje pris på lokalmiljøet der du bur.

10-års jubileet vil bli markert gjennom heile 2007.

 

januar 26, 2007 - Posta av hugen | Uncategorized | | Éin kommentar

Éin kommentar »

  1. Eg huskar godt telefonkiosk-aksjonen sett frå Oslo. Då jobba eg i eit fancy reklamebyrå, omgitt av dei kulaste av dei kule reklamefolka. Det var stor stas å vise fram avisa, der det var bilde av bygdefolket som kom med traktorar og kjettingar og lenka fast kiosken sin. Dei trudde ikkje heilt på meg då eg peika på bildet og sa.. “der er onkelen min, og der er søskenbarnet mitt, og dissa to er tremenningane mine…” Dei trudde nok eg berre dikta det opp :-) .
    Når eg fortalde frå barndommen min, så synes dei det var fryktelig eksotisk – med geitemjølk rett frå juret og slakting på låven. Det er vel mulig at eg fyrte opp litt ekstra historier for å virke meir eksentrisk, hehe…

    Comment av Ingvild Mork | januar 29, 2007 | Svar


Kommenter innlegget