Invitasjon
Du er velkomen til å sjå innom ein ny blogg i Prillar-Guri slekta:
http://distriktet.wordpress.com
E.K.
Du er velkomen til å sjå innom ein ny blogg i Prillar-Guri slekta:
http://distriktet.wordpress.com
E.K.
Trykk her for program: http://www.hugen.no/bjoerke/festival.htm
Så har det skjedd: Prillar-Guri på Bjørke er ein av dei 100 telefonkioskane som skal vernast!
(Foto frå 1997 og kjelde: NRK, Møre og Romsdal)
Les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.2747739
Hurra for Telenor og Riksantikvaren! No blir det litt ekstra å feire på jonsokafta!
Sissel Rønbeck er i dag assisterande Riksantikvar, og 19.juni 2007 stod ho saman med Telenor-sjef Jon Fredrik Baksås i “urkiosken” på Festningkaia i Oslo og signerte verneavtalen for 100 raude telefonkioskar. For 10 år sidan, våren 1997 var Rønbeck (A) samferdselminister, og i ein spørjetime i Stortinget fall det til henne å gå på talarstolen og svare på eit spørmål frå Jørgen Holte (Sp, Møre og Romsdal) om kvifor Telenor hadde gitt seg til å fjerne telefonkioskar.
Hjartdal i Telemark får den første nasjonale kulturlandskapsprisen. Kommunen har vidareutvikla kulturlandskapet i ein næringsmessig samanheng. (Nationen)
Les meir her: Nationen/landbruk/article2830988.ece
(Turist)informasjon - Hjartdal kommune: http://www.hjartdal.kommune.no/default.asp?uid=71&CID=71
(Foto: Henrik Dalstrøm, LMD)
Takk til Kvalsvik friskule for eit hyggeleg besøk! De hadde jo studert historie og visste om den rette Prillar-Guri før de tok turen frå øya der ute ved havet og hit inn i fjorden mellom fjella!
Vonar de hadde det bra her på Bjørke. Vil de skrive ei helsing, så er det berre å gå inn på “Comment” nedanfor.
E.S. Eg fann for resten nokre fine bilde på denne lenkja: http://home.no.net/grendlag/elevane.htm D.S.
Større bilde av gjestene på: http://www.hugen.no/bjoerke/kvalsvik.htm
Helsing oss på Bjørke
“Ja, Postverket var altså ein institusjon vi hadde ein gong, som distribuerte brev og pakkar rundt om i landet, hadde bank og giro, og som hadde mange kontor, også i dei ytste grender. Hadde du bruk for at dei tok dei vare på posten din nokre veker, gjekk det greitt, og sjølvsagt kosta det ikkje noko. Dessutan svarte dei høfleg på brev om du skreiv til dei.”
Slik innleier professor Willy Dahl eit innlegg i vekeavisa Dag og Tid. Du anar kanskje at Dahl har funne ein spesiell grunn til å skrive innlegget, no som Postverket er blitt avløyst av Posten? Ja, han etterlyser svar på brev, - brev som han skriv til Posten.
Trykk på denne lenkja og les heile innlegget: http://www.hugen.no/bjoerke/postverket.htm
Sunnmøre historielag hadde årsmøte på Bjørke, sundag 20.mai. Etterpå var det bygdevandring, og enda veret var vått og hustre, var det mange som gjekk ruta frå post til post. Lokale gaidar fortalde med engasjement og solid kunnskap, - og hovudsakleg på dialekt. Her er er ein del av følgjet kome til telefonkiosken Prillar-Guri.
Under: Sjefsgaid Torbjørn Urke rettleier om koss ein skal kome seg vidare til neste post.
To gode Bjørke-vener, Sue og Ian Reeve, er på nytt ute og køyrer langtur i Australia med sin Peugeot, og skal så vere i ca to månader. Ikkje alltid vegar å køyre på, heller, der til lands. Dei skriv dagbok på nettet: http://www.peugeotsaroundaustralia.com/
Da vi dreiv med Bjørke bygdekontor, kom vi i kontakt med Ian, som driv med bygdeutvikling på dei kantar. Da Prillar-Guri stod fram, ordna han kontakt med eit liknande tilfelle på den australske landsbygda, og vi pratast på telefonen med den lokale aksjonsleiaren. Sidan kom dei og besøkte oss her på Bjørke, og dei gjorde også Noregs-tur nummer to, - da møttest vi til ettermiddagskaffi og sveler på Grotli.
Klikk deg inn på lenkja ovanfor og sjå kva dette går ut på, og send gjerne i veg ein mail til Sue og Ian Down Under.
Her er eit kjempekoseleg bilde av Ian og Sue: http://www.hugen.no/bjoerke/ianogsue.htm
Over: Sommaren 1997 - Under: Våren 2007
*********
Hole og Viddal: http://www.hugen.no/bjoerke/viddal01.htm
Over: Jakta (6.februar 07)
For stort bilde, trykk på lenkja under
http://www.hugen.no/album/album18.htm
Over: Leira Under: Fram-Saure
Begge bilda tekne i januar 2007
Velkomen til ein blogg for lokalmiljø og trivsel! I dag, 26.januar 2007, opnar Bjørke grendalag denne bloggen for å invitere til 10-års jubileet for telefonkiosken Prillar-Guri på Bjørke.
Du er velkomen til å skrive kommentar under postane.
Vi ser fram til ei aktiv utveksling av innspel og informasjon, ytringar og undringar. Dette er den første spinkle oppstarten, men vi satsar på at bloggen vil vekse og bli allsidig.